Ny hovudavtale i KS: Tillitsvalde får betre vilkår ved opplæring
Den nye hovudavtalen i KS gir tillitsvalde i turnus rett til ny fridag når opplæringa er på den lovfesta fridagen. – Det har lenge vore eit viktig krav for oss å betre vilkåra for tillitsvalde som jobbar turnus, og vi er glade for at det skjer no, seier forhandlingsleiar Marit Solheim.
Den nye hovudavtalen for KS-området gjeld frå 01.01.2026 til 31.12.2029.
Dette er nytt i avtalen
- Styrka rett til fri med full lønn: Alle tillitsvalde skal som hovudregel innvilgast permisjon med full lønn dersom opplæringa omhandlar hovudavtalen, hovudtariffavtale, og tilknytte særavtalar og lovbestemmelsar. Det går fram av ny tekst i avtalen (sjå meir i Del B, §3-6).
- Styrka rett til kompenserande fri ved tillitsvaldopplæring på fridag: Tillitsvalde skal få erstatningsfridag viss opplæringa fell på ein lovfesta vekefridag (F1-dag). Dette gjeld opplæring som omhandlar hovudavtalen, hovudtariffavtale, og tilknytte særavtalar og lovbestemmelsar.
(Sjå meir i Del B, § 3-6 Tillitsvalgtopplæring) - Avvikling av lokale forsøksordningar: Moglegheita til å avtale lokale forsøksordningar blir fjerna frå 1.1.2026. For å sikre ei forsvarleg avvikling kan avtalar som allereie er inngått, gå ut 2026. Også forsøksordningar som er avtalte igangsett tidleg i 2026, kan gå ut året.
(Sjå meir i Del A, § 4-6 Forsøksordninger)
Avtalen er viktig for dei tillitsvalde
Hovudavtalen er ein viktig reiskap for dei tillitsvalde.
– Hovudavtalen i KS er god og fungerer stort sett bra. Vi er glade for å gjere avtalen betre, seier nestleiar i YS kommune og 1. nestleiar i Delta, Marit Solheim, som har leia forhandlingane.
Gjeld i fire år
Avtalen gjeld no for fire år, mot tidlegare to. Det er likevel mogleg å be om reforhandling midt i perioden.
Hovudavtalen regulerer samarbeidet mellom arbeidsgivar og tillitsvalde. Den skal mellom anna sikre at tillitsvalde har rettar og høve til å gjere ein god jobb for medlemmene sine.
Hovudavtalen er ein viktig reiskap for dei tillitsvalde, men også for kommunane som står framfor store endringar.