Helsereformutvalet vil ha éi helseteneste
I dag, måndag 2. november leverte Helsereformutvalet si utgreiing til helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre. YS vil no gå grundig gjennom utgreiinga, seier Marit Solheim, nestleiar i YS.
Helsereformutvalet vart oppnemnt i fjor haust. Utvalet har mellom anna utgreia og føreslått ulike modellar for framtidig organisering, styring og finansiering av ei samanhengande og integrert helse- og omsorgsteneste i Norge.
– YS organiserer breitt innan helse- og omsorg. Utgreiinga er svært omfattanda, og vi vil difor bruke god tid på å drøfte forslaga frå utvalet, seier Solheim.
Helsereformutvalget si utgreiing vil vere ein del av grunnlaget for helsereforma.
– Vi skal lage pasientane, dei pårørande og fagfolka si helsereform, seier Vestre i ei pressemelding.
Helse- og omsorgstenesta står framfor store utfordringar og endringar, som følgje av ei aldrande befolkning, knappleik på arbeidskraft og medisinsk-teknologisk utvikling.
– Sjølv om mykje fungerer godt i den felles helsetenesta vår, har vi også store utfordringar som må løysast. Derfor skal vi tenke nytt om styring, organisering og finansiering, sa helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.