Gå til hovedinnhold
Ventar stor mangel på helsefagarbeidarar
– Vi bør være særs bekymra over mangelen på helsefagarbeidarar. Vi klarer ikkje å rekruttere godt nok til yrket, åtvarar YS sin nestleiar, Marit Solheim. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Arbeidslivet

Ventar stor mangel på helsefagarbeidarar

Norge kan komme til å mangle over 42 tusen årsverk utført av helsepersonell om dryge ti år. Det vil vere størst mangel på helsefagarbeidarar og sjukepleiarar, slår Riksrevisjonen fast i ein ny rapport.

Mange helsefagarbeidarar nærmar seg 60 år, og få unge vel helsefagarbeidarutdanning. Utfordringane kan bli særleg store i dei minst sentrale kommunane, kjem det fram av rapporten frå Riksrevisjonen.

– Vi bør være særs bekymra over mangelen på helsefagarbeidarar. Vi klarer ikkje å rekruttere godt nok til yrket. Dermed vil problemet berre auke i åra som kjem, åtvarar YS sin nestleiar, Marit Solheim.

Etterspurnaden vil auke mens tilgangen på tilsette minskar

Fram mot 2040 vil etterspurnaden etter helsetenester auke og tilgangen på arbeidskraft bli mindre. Framskrivingar tyder på at Norge vil mangle om lag 42 400 årsverk utførte av 14 sentrale helsepersonellgrupper i 2040.

Det blir etter alt å dømme behov for over ein halv million årsverk i den samla helse- og omsorgstenesta i 2040.

– Mykje tyder på at gapet berre vil auke, slik Riksrevisjonen seier, all den tid vi også blir fleire eldre. Mangelen på kvalifiserte helsefagarbeidarar og auka bruk av ufaglærte utfordrar kvaliteten i tenestene og for sikkerheita til pasientane, meiner Solheim.

Lønn, betre ressursbruk og oppgåvedeling

– Vi klarer ikkje å løyse rekrutteringa til yrket utan å løfte fram lønn, betre ressursbruk og oppgåvedeling. Oppgåvedeling på tvers av yrkesgrupper kommunalt blir avgjerande, seier ho.

YS har tidlegare teke til orde for styrkt oppgåvedeling:

– Framover har vi ikkje lenger råd til å bruke helsepersonell til anna enn det dei er ekspertar på. Gjennom oppgåvedeling nedanfrå kan ein sørge for at legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og anna helsepersonell får jobbe mest mogleg effektivt. Tilrådingane frå Helsepersonellkommisjonen må følgjast opp med konkrete tiltak. Innleige er ei kortsiktig løysing for kvar enkelt kommune og kvart enkelt sjukehus, men skaper ikkje fleire hender eller hovud. Også i helsetenestene må bemanningsbehovet dekkast med direkte tilsetting, uttalte YS då Perspektivmeldinga vart lagt fram for litt over to år sidan.

Behovet for årsverk aukar mest i den kommunale omsorgstenesta

Venta mangel på årsverk, utført av helsepersonell i kommunane, kan få alvorlege konsekvensar for tenestetilbodet, særleg i dei minst sentrale kommunane.

Det kan bli vanskeleg å sikre nok årsverk utført av helsefagarbeidarar, slår Riksrevisjonen fast.

– Dette er ei varsla krise, men det finst ikkje ei enkel løysing på problemet, YS sin nestleiar.

Helse- og omsorgsdepartementet har lansert ein helsepersonellplan med mange tiltak for å redusere mangelen på helsepersonell.

– I tillegg til å betre lønns- og arbeidsvilkåra for helsefagarbeidarar, samt meir og smartare oppgåvedeling, trur eg teknologi også vil være ein nøkkel for å sikre gode tenester i helsevesenet i åra som kjem, poengterer ho.